Hopp til innhold
X
Innhald

Kongsvingerbanen

Kongsvingerbanen, er den første statsbana i Noreg. Ho opna i 1862 til Kongsvinger og til svenskegrensa i 1865. Bana går frå Lillestrøm til Magnor, er 114,7 kilometer lang og går gjennom fylka Akershus og Hedmark. Ho er knytt til Hovedbanen ved Lillestrøm og Solørbanen ved Kongsvinger. Bana kom i elektrisk drift frå 1951. Toget frå Oslo til Stockholm går over Kongsvingerbanen. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018