Hopp til innhold
X
Innhald

Krifast

Krifast, fastlandssambandet til Kristiansund og Frei. Det opna 20. august 1992 og bind Kristiansund saman med fastlandet.

Under bygginga var Gjemnessundbrua den lengste hengebrua i Noreg med eit fritt spenn på 623 meter, flytebrua mellom Bergsøya og Aspøya var den lengste i verda utan sideforankring, og den 5 kilometer lange Freifjordtunnelen var ved opninga den lengste undersjøiske vegtunnelen i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 24.10.2018