Hopp til innhold
X
Innhald

Nordlandsbanen

Nordlandsbanen, jernbane frå Trondheim til Bodø. Ho er den lengste dieseldrivne bana i Noreg og går gjennom Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland. Strekninga frå Trondheim til Steinkjer blir ofte kalla Trønderbanen. Bana er 726 kilometer lang.

Nordlandsbanen opna i fleire etappar, med første strekning frå Trondheim til Stjørdal i 1902. Bana blei først opna heilt fram til Bodø i 1962. Ho er ei viktig bane for godstrafikk mellom nord og sør med fleire godsterminalar langs sporet. Det går dag- og nattog med persontrafikk på heile strekninga og lokal- og regiontog mellom Trondheim og Steinkjer, og Rognan og Bodø.

Det er planlagt elektrifisering av Nordlandsbanen fram til Steinkjer.

Kjelder
Bane NOR: «Nordlandsbanen», banenor.no: http://www.banenor.no/Jernbanen/Banene/ [lesedato 6.7.2017]

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018