Hopp til innhold
X
Innhald

Nordmannsslepa

​Nordmannsslepa, gamle ferdselsvegar (slep) mellom Eidfjord i Hardanger over Hardangervidda til Numedal og Hallingdal.

Namnet kjem av at hardingane blei kalla nordmenn, altså folk nordfrå, av dei som budde på Austlandet. Fleire stader langs Nordmannsslepa finst det restar av gravrøyser, veideplassar og dyregraver. Store Nordmannsslepa blei merkt og registrert i 1966.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 19.09.2019