Hopp til innhold
X
Innhald

Nullvisjonen

Nullvisjonen, visjon i trafikktryggleiksarbeidet om eit transportsystem som ikkje fører til tap av liv eller varig skade.

Visjonen blei opphavleg lansert i Sverige i slutten av 1990-åra, men norske styresmakter tok han til seg og la han til grunn i Nasjonal transportplan for 2002–11. I dei påfølgjande transportplanane og statsbudsjetta har han blitt forsterka vidare. 

Grunntanken er at ein ikkje kan hindre at ulykker skjer, men ein kan hindre at konsekvensane blir fatale. Lågare fart og separering av trafikken er sentrale verkemiddel. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018