Hopp til innhold
X
Innhald

Østfoldbanen

Østfoldbanen, jernbane som deler seg i to linjer mellom Ski og Sarpsborg – ei austre linje om Askim og Mysen og ei vestre om Moss og Fredrikstad.

Den vestre linja på Østfoldbanen, frå Oslo til Kornsjø på svenskegrensa, går gjennom Oslo, Akershus og Østfold. Linja er 170,1 kilometer lang og opna i 1879. Det har vore elektrisk drift på bana sidan 1970. Ho har svært høg trafikk av både person- og godstog. I tillegg til lokal- og regionaltrafikk går det også utanlandstog på strekninga.

Gjennom Indre Østfold, frå Ski til Sarpsborg, går den austre linja på Østfoldbanen. Bana er 78,9 kilometer lang. Det er ordinær persontrafikk mellom Rakkestad og Ski. Bana opna i 1882 og fekk elektrisk drift i 1958. 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018