Hopp til innhold
X
Innhald

Randsfjordbanen

Randsfjordbanen, jernbane frå Hokksund til Hønefoss i Buskerud. Ho er 53,99 kilometer lang og bind saman Sørlandsbanen og Bergensbanen.

Toga mellom Oslo og Bergen går vanlegvis på Randsfjordbanen før toga køyrer over på Bergensbanen etter Hønefoss stasjon.

Det er planlagt ny bane mellom Oslo og Hønefoss (Ringeriksbanen). Når denne opnar, vil Randsfjordbanen miste persontrafikken og bli ei rein godslinje.

Kjelder
Bane NOR: «Banene», banenor.no: http://www.banenor.no/Jernbanen/Banene/ [lesedato 6.7.2017]

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018