Hopp til innhold
X
Innhald

Raumabanen

Raumabanen, jernbane som går frå Dombås til Åndalsnes.

Ho er ein viktig del av turistnæringa på Nordvestlandet og den einaste jernbanestrekninga i Møre og Romsdal fylke. I Oppland er ho éi av tre baner. Bana opna i 1924 og er 115 kilometer lang. Ho er dieseldriven. Av spesielle konstruksjonar på bana finn vi den 1340 meter lange Verma vendetunnel og den vakre Kylling steinkvelvbru.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018