Hopp til innhold
X
Innhald

Rennfast

Rennfast, vegprosjekt i Rogaland som etablerte fastlandssamband mellom Rennesøy og Stavanger.

Sambandet er ein del av E 39, kystriksvegen mellom Kristiansand og Trondheim. Det opna i 1992 og omfattar mellom anna to undersjøiske tunnelar, Mastrafjordtunnelen (4,4 km) og Byfjordtunnelen (5,9 km). Den sistnemnde ligg 223 meter under havet. 

Totalkostnaden var på 800 millionar kroner. Stor trafikk gjennom bompengesystemet gjorde at anlegget blei betalt ned i 2004, fire år tidlegare enn planlagt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018