Hopp til innhold
X
Innhald

Romeriksporten

Romeriksporten, tunnel på Gardermobanen mellom Etterstad og Lillestrøm. Tunnelen er 14,6 kilometer lang.

Store problem med lekkasjar under bygginga førte til at flytoget først kunne opne 22. august 1999, nær eitt år etter planen. Lekkasjane førte til at grunnvasstanden i Østmarka gjekk ned, og ei rekkje bustader på Hellerud fekk setningsskadar. Problema blei løyste ved massiv tetting av tunnelen og permanente vassinfiltrasjonsanlegg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018