Hopp til innhold
X
Innhald

Sørlandsbanen

Sørlandsbanen, jernbane som går frå Drammen til Stavanger, gjennom Buskerud, Telemark, Aust-Agder, Vest-Agder og Rogaland. Bana opna parsellvis i åra 1920 til 1944 og fekk elektrisk drift i 1949.

Frå Sira til Stavanger følgjer bana linja til den no nedlagde smalspora Flekkefjordbanen. Det er dobbeltspor mellom Stavanger og Sandnes, men elles er bana enkeltspora. Bana er 546 kilometer lang.

Bana går ikkje mellom dei mange småbyane langs sørlandskysten, men går ein indre trasé over Kongsberg, gjennom Midt-Telemark og Indre Agder fram til Kristiansand. Derfrå går bana på tvers av dalføra i Vest-Agder før ho kjem ut til kysten i Egersund og går over Jæren til Stavanger.

Det har vore fleire sidelinjer frå strekninga. Den einaste som framleis er i drift, er sidelinja frå Nelaug til Arendal. Sidelinjene til Flekkefjord og Kragerø blei lagde ned i høvesvis 1991 og 1989.

Sørlandsbanen heitte opphavleg Vestlandsbanen fordi Sørlandet tidlegare var rekna til Vestlandet, og ho knytte store delar av den dåverande landsdelen saman.

Kjelder
Bane NOR: «Sørlandsbanen», banenor.no: http://www.banenor.no/Jernbanen/Banene/ [lesedato 6.7.2017]

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018