Hopp til innhold
X
Innhald

Trekantsambandet

Trekantsambandet, eit vegprosjekt som blei opna i april 2001, og som knyter kommunane Stord, Bømlo og Fitjar til fastlandet og Sunnhordland tettare til Nord-Rogaland.

Stordabrua og Bømlabrua er begge blant dei største hengebruene i Noreg. Bømlafjordtunnelen er 7931 meter lang. Trekantsambandet erstatta dei fire ferjestrekningane Valevåg–Skjersholmane, Valevåg–Mosterhamn, Sagvåg–Siggjarvåg og Skjersholmane–Utbjoa.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018