Hopp til innhold
X
Innhald

Vestfoldbanen

Vestfoldbanen, jernbane frå Drammen til Skien over Larvik. Ho er 153 kilometer lang og opna i 1882 som smalspora.

Frå 1949 kom det normalspor, og frå 1957 blei ho elektrifisert. Sidelinja Skoppum–Horten blei lagd ned i 1967, og Eidanger–Brevik blei lagd ned i 1968. Formelt sett går Vestfoldbanen mellom Drammen og Eidanger. I daglegtale er strekninga frå Eidanger til Skien rekna med sjølv om ho formelt sett er ein del av Bratsbergbanen. 

Det er planlagt dobbeltspor på heile strekninga. Bana blir først og fremst nytta til persontrafikk. Strekninga Skien–Notodden på Bratsbergbanen bind Vestfold- og Sørlandsbanen saman ved Nordagutu.

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018