Hopp til innhold
X
Innhald

Bentley

Bentley, britisk bilmerke. Dei hadde eigen fabrikk frå 1919 til 1931, og den første bilen blei sleppt på marknaden i 1921. 

Merket blei grunnlagt av flykonstruktøren Walter Owen Bentley og teke over i 1931 av Rolls Royce. I 1998 kjøpte Volkswagen retten til å produsere Bentley og Rolls Royce.

Frå 2002 har Volkswagen berre produsert Rolls Royce, og dei to luksusbilane har frå då av hatt ulike produsentar av dei fleste delane av bilen, inkludert motoren.

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018