Hopp til innhold
X
Innhald

Berestol

Berestol, innretning som er laga for transport av personar. Ein berestol har ein stol eller ein liten kupé som kviler på to vassrette stenger. Han blir boren av menneske eller hestar. Dette framkomstmiddelet var først og fremst nytta av rike og mektige personar. Prinsippet er likevel det same i den mindre ekstravagante pasientbåra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018