Hopp til innhold
X
Innhald

Bil

Bil, motorkøyretøy som køyrer på minst tre og som oftast fire hjul, og som er laga for køyring på veg.

Ordet er ei forkorting for automobil, frå gresk autos, som tyder ’sjølv’, og latin mobilis, som tyder ’rørleg’, altså eit sjølvrørleg køyretøy. Ordet blir brukt om person-, vare- og lastevogner, medan større personvogner blir kalla buss (av latin omnibus, ’for alle’).

Det første sjølvdrivne køyretøyet i verda var ein bil med dampmaskin som var konstruert av Nicolas-Joseph Cugnot i 1770. Étienne Lenoir bygde den første bilen med forbrenningsmotor (lysgass) i 1862, og den første bensindrivne bilen blei bygd i 1877 av Siegfried Marcus. Den første køyrbare bilen blei laga i 1886 av Gottlieb Daimler (1834–1900) og Carl Benz (1844–1929). Med samlebandsprinsippet gjorde Ford produksjon av bilar til masseproduksjon (Ford T-modellen i 1908). USA og Europa dominerte lenge bilproduksjonen, men i 1970–80-åra fekk dei alvorleg konkurranse frå asiatiske produsentar.

Sjølv om bilen har vore under kontinuerleg forandring i over hundre år, er grunnprinsippa i store trekk dei same. Forbrenningsmotoren, som rett nok har vore gjennom eit utal forbetringar, blir i dag rekna som ei ganske ineffektiv energimaskin. Dei største forandringane har kome i utsjånaden på bilen, frå imitasjon av hestekøyretøy til den straumlinjeforminga vi ser i dag, og i utstyret. Ny materialteknologi med plast, keramikk og lettmetall i viktige delar og avansert elektronikk i bremsesystem, tenningskontroll og mykje elektrisk hjelpeutstyr har sidan 1990-åra vore standard. Deformasjonssona i karosseriet, bilbelte og kollisjonspute har bidrege til å gjere bilane sikrare. I 1989 blei det påbode med katalysator på alle nye bilar for å reinse eksosen.

Få maskiner har forandra samfunn og levemåte så mykje som bilen. Mellom anna har han endra kvar og korleis folk bur, arbeider og nyttar fritida si. By- og bygdesentrum blei gjennom 1900-talet endra frå å vere tilpassa den gåande til å bli tilpassa dei køyrande. Vegane og parkeringsplassane har endra tettstadene for alltid.

Mange byar har i dag store problem med biltrafikk og forureining frå bilar. Vegtrafikken stod i perioden 1990–2016 for halvparten av klimagassutsleppa innanlands i Noreg. Medvitet om at forbrenningsmotorane i bilane utgjer både ein lokal og ein global klimatrussel, førte til auka produksjon og sal av elbilar tidleg i 2000-åra. I 2016 utgjorde elbilane 25 prosent av nybilsalet i Noreg. Dette kom av at prisen på elbilar har gått ned, rekkjevidda er auka, og det har blitt bygd ut infrastruktur for lading. Noreg er det landet i verda der elbilar utgjer størst del av nybilsalet, og i 2015 var Noreg det landet i verda som hadde fjerde flest kjøpte elbilar i tal, etter Kina, USA og Nederland. Ein offensiv avgiftspolitikk har gjort det lønsamt for mange å nytte elbil i Noreg til trass for kulde og lange avstandar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018