Hopp til innhold
X
Innhald

Bilbelte

Bilbelte, tryggleiksbelte i bilar. Bilbelte skal hindre personskade for sjåføren og passasjerane i bilen dersom det oppstår ei ulykke.

Sidan 1975 har det vore påbode å ha bilbelte installert for føraren og passasjeren i framsetet, og frå 15. april 1977 har det vore påbode å bruke dei. Frå 1987 har det også vore påbode i baksetet. Sikring av barn i bil blei påbode i 1989. Frå 2015 har det vore påbode å nytte bilbelte i buss der det er montert. Det har blitt obligatorisk i alle ekspressbussar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018