Hopp til innhold
X
Innhald

Dødvatn

Dødvatn, fenomen som kan oppstå når eit skip er i farvatn der det dannar seg eit ferskt vasslag oppå eit saltare lag – til dømes utanfor elvemunningar eller i fjordar med store tilløp av ferskvatn. Det dannar seg då undervassbølgjer i grenselaget, og skipet mistar fart og styring.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 25.10.2018