Dogcart
Dogcart (av engelsk, ’hundekjerre’), omgrep som anten kan vise til ei lita, lett vogn som blir trekt av éin eller fleire hundar, eller eit lett hestekøyretøy for éin hest med to sete som er plasserte rygg mot rygg. Ei slik vogn kan ha plass til hundar under seta.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 24.10.2018