Hopp til innhold
X
Innhald

Drosje

Drosje eller taxi, køyretøy med sjåfør som passasjerar kan leige. I Noreg må ein ha løyve for å drive drosjeverksemd.

Ordet drosje er eit av få lånord i norsk frå russisk, og tyder ’vogn’. Mange nyttar også ordet taxi. Det kjem opphavleg frå fransk og viser til taksameteret, altså det teljeapparatet som reknar ut kva passasjerane skal betale for turen. Drosjeløyve blir gitt av fylkeskommunen.

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018