Hopp til innhold
X
Innhald

Eiskjenebaner

Eiskjenebaner, jernbaner med berre éi skjene. 

På hengebaner er vognene hengde opp i ein skjeneforma bjelke. På gyroskopbaner blir stabiliteten til vogna sikra ved hjelp av eit gyroskop, og på reine einskjenebaner er gyroskopet erstatta med eit klemmesystem eller luftputer.

Ein type eiskjenebaner som er teken i bruk i fleire storbyar, Alweg, er utvikla av den svenske industrimannen Axel L. Wenner-Gren. Alwegbaner har også vore nytta i Disney-parkar fleire stader i verda.

Ein annan type er transrapidtog, som er utvikla i Tyskland og laga for å gå i opp mot 400 km/t. Toga går på ei magnetskjene som ligg på pålar over bakken. I 2004 opna den første kommersielle transrapidbana mellom Shanghai og flyplassen Pudong. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018