Hopp til innhold
X
Innhald

Førarkort

Førarkort, sertifikat som er påkravd for å føre motoriserte køyretøy. I Noreg er dette regulert i § 24 i vegtrafikklova av 18. juni 1965, som fastset at den som skal føre motorvogn, må ha gyldig førarkort for den aktuelle gruppa av motorvogner. Under køyring skal føraren alltid ha førarkortet med seg.

Førarkortforskriftene fastset at det blir skrive ut førarkort i desse klassane: Klasse A: motorsykkel (aldersgrense 18 år dersom to års erfaring med lett motorsykkel, elles 21 år). Klasse B: personbil, varebil (maks totalvekt 3500 kg, maks 8 passasjerplassar, aldersgrense 18 år). Klasse C: lastebil (aldersgrense 18 år). Klasse C1: lett lastebil (maks totalvekt 7500 kg, aldersgrense 18 år). Klasse D: buss (aldersgrense 21 år). Klasse D1: minibuss (maks 16 passasjerplassar, aldersgrense 21 år). Klasse E: tilhengjar eller tilhengjarreiskap til B, C, C1, D eller D1. Klasse T: traktor (aldersgrense 16 år). Klasse S: beltemotorsykkel (aldersgrense 16 år). Klasse AM: moped.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018