Hopp til innhold
Bilete viser eit hjul, som er ei av dei viktigaste oppfinningane til menneska. Det første vognhjulet ein kjenner til, er frå Ur ca. 3400 f.Kr., men hjulet er truleg eldre. Foto henta frå Flickr.com med lisens CC BY 2.0.
X
Innhald

Hjul

Hjul, i prinsippet ei sirkulær skive som roterer om ein aksel. Hjulet er ei av dei viktigaste oppfinningane til menneska. Det første vognhjulet ein kjenner til, er frå Ur ca. 3400 f.Kr., men hjulet er truleg eldre. Det blir mellom anna brukt i transport, i maskiner, dreieskiver og løftesystem og har eit utal utformingar med og utan eiker, med tenner eller drivreimar, med kule- eller rullelager og så vidare.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 25.10.2018