Hopp til innhold
Jernbane. Foto: Morten Jensen. Henta frå Flickr.com med lisens CC BY 2.0.
X
Innhald

Jernbane

Jernbane, transportsystem for skjenegåande transport.

Byrjinga på jernbana finn vi i skjeneanlegga som blei tekne i bruk ved enkelte bergverk på 1500–1600-talet for transport av malm med hest og vogn. Først var skjenene av tre, og seinare blei toppen av skjenene beslått med ei tynn jernskjene. Dampmaskina danna grunnlaget for utviklinga av jernbana. Det første lokomotivet blei konstruert i 1804. Den første verkelege jernbana blei opna i 1825 og var bygd av George Stephenson, som også bygde den første jernbana i Noreg, frå Christiania til Eidsvoll, som opna i 1854. 

Eit jernbanenett på over ein million kilometer dekkjer i dag store delar av kontinenta. Gjennom internasjonalt samarbeid er både sporvidd, vogntypar, signalsystem osv. for ein stor del standardisert. I Europa er den mest vanlege sporvidda 1435 mm (normalspor). Toga blir trekte av elektriske, dieselelektriske eller dieselhydrauliske lokomotiv. Damplokomotiva er i dei fleste land tekne ut av bruk.

Ei moderne jernbane har eit omfattande tryggleikssystem, basert på teknisk avhengnad mellom signal og sporvekslar, slik at det ikkje er mogleg å vise klart for toget (grønt lys) dersom ein sporvekslar ligger til feil spor eller det er eit anna tog på sporet. Strekninga mellom to stasjonar er ofte delt opp med blokksignalanlegg, som gjer det mogleg å ha fleire tog ute på linja samtidig.

Tendensen i seinare tid har vore å byggje ut lokaltrafikk i tettbygde strøk og fjerntrafikk, medan mange sidelinjer er lagde ned. For å konkurrere med fly har ein for visse strekningar sett opp spesialtog som køyrer 200–300 km/t (Tokyo–Osaka, Paris–Lyon osv.). Det blir i fleire land arbeidd med banenett for høg fart.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 25.10.2018