Hopp til innhold
X
Innhald

Lokomotiv

Lokomotiv eller lok, køyretøy som er laga for å trekkje vogner på ei jernbane. Ordet kjem frå latin locus, ’stad’, motivus, ’som bevegar’.

Det at lokomotivet berre er eit trafikkraftaggregat, skil det frå motorvogner, som i tillegg til å trekkje seg sjølv også blir nytta som passasjervogn.

Det første brukande lokomotivet blei bygd av Richard Trevithick i 1804. Både det og lokomotivet til Blenkinsop av 1812 (med framdrift ved hjelp av ei tannstong ved sida av sporet), «Puffing Billy» av Hedley frå 1813 (i drift til 1862) og det første lokomotivet til Stephenson frå 1814 overførte krafta til hjula ved hjelp av tannhjul. Det var først det andre lokomotivet til Stephenson frå 1815 som hadde direkte kraftoverføring frå stempelstong og veivstake til drivakslar. Alle desse lokomotiva hadde loddrette sylindrar. På «Rocket» av Stephenson frå 1829 var sylindrane stilte skrått, på «Globe» av Hackworth frå 1830 var dei vassrette. 

I Noreg blei det første lokomotivet bygd i 1862. Damplokomotiv har ikkje vore i ordinær drift i Noreg etter 1970, men det er fleire museumsjernbaner der det framleis frå tid til anna køyrer damplokomotiv. 

På Berlinutstillinga i 1879 viste Siemens & Halske eit elektrisk lokomotiv som trekte tre små vogner på ei 250 meter lang bane. I Noreg blei dei første elektriske lokomotiva bygde i 1896, men allereie i 1894 blei trikken i Oslo køyrd med elektrisk lokomotiv. Den første normalspora jernbana med elektrisk drift var Tinnosbanen i 1911. NSB køyrde den første elektriske jernbaneturen i 1922. I heile Europa slo elektriske lokomotiv først gjennom på sporvegsnettet internt i byane, deretter på små industribaner og til slutt på lengre jernbanestrekningar. 

Diesellokomotivet overfører krafta frå ein dieselmotor direkte til drivhjula, og i dieselelektriske lokomotiv driv dieselmotoren ein elektrisk generator som leverer straum til elektriske motorar, som igjen driv hjula. I Noreg har det vore diesellokomotiv i drift sidan 1942. Store delar av det norske jernbanenettet er framleis ikkje elektrifisert.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018