Hopp til innhold
X
Innhald

Makadam

Makadam, vegdekke med namn etter den skotske ingeniøren John McAdam (1756–1836), som i 1820 føreslo å byggje vegar av fleire lag pukkstein med dei største steinane nedst og det finaste materialet øvst. Makadam er nytta både for å leggje veg og som underlag til jernbanespor.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018