Hopp til innhold
X
Innhald

Moped

Moped, opphavleg ei nemning på ein lett motorsykkel som var utstyrt med pedalar, slik at ein kunne trø han i gang. 

I dag er moped definert som ei motorvogn med to, tre eller fire hjul, med maksimal fart på 45 km/t og med motor med maksimalt slagvolum på 50 cm³. Den maksimale motoreffekten må vere 4 kW ved elektrisk drift, og mopeden kan maksimalt vege 350 kg dersom han har fire hjul.

Sidan 2005 har det vore obligatorisk å gjennomføre trafikalt grunnkurs og obligatorisk opplæring og å ha førarkort for å køyre moped. Aldersgrensa er 16 år. For tre- eller firehjuls moped med eigenvekt over 150 kg er minstealderen 18 år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018