Hopp til innhold
X
Innhald

Motorsykkel

Motorsykkel, tohjula køyretøy med to- eller firetakts motor, eventuelt med sidevogn. Den første motorsykkelen blei utvikla av Gottlieb Daimler og Wilhelm Maybach i 1885.

Den moderne motorsykkelen har fleire gir, straumlinjeforma ramme, kjedeoverføring frå motoren til bakhjulet og ofte kraftige motorar. Ein tung motorsykkel har i regelen slagvolum på meir enn 125 cm³, ein lett motorsykkel har slagvolum på 50–125 cm³, og ein moped har slagvolum på inntil 50 cm³.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 24.10.2018