Hopp til innhold
X
Innhald

Opel

Opel, tysk bilmerke. Merket har namn etter Adam Opel (1837–95), som starta fabrikk i 1862 for produksjon av symaskiner og syklar.

Frå byrjinga av 1900-talet blei det bygd bilar etter fransk lisens, og frå 1906 eigne konstruksjonar. Frå 1929 kom dei inn under General Motors, som var den største bilprodusenten i verda. I 2017 blei selskapet selt til det franske selskapet Groupe PSA, som også produserer Peugeot og Citroën.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018