Hopp til innhold
X
Innhald

Radialdekk

Radialdekk eller beltedekk, bildekk der kordlaga ligg vinkelrett på slitebana. Mellom slitebana til dekket og kordstammen ligg det eit svært stivt belte, ofte av stålnett (stålradial).

Radialdekket blei lansert av Michelin-fabrikken i 1948, og sidan 1970 har dette vore den vanlegaste dekktypen. Radialdekka erstatta dermed diagonaldekka. Dekket gir ein svært bøyeleg sidevegg kombinert med eit fast slitebaneunderlag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 10.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018