Hopp til innhold
X
Innhald

Røyrpost

Røyrpost, transport av brev og liknande i lukka behaldarar som ved hjelp av trykkluft eller vakuum blir drivne gjennom røyr.

Røyrpostanlegg har først og fremst vore brukt internt i bygningar, men i enkelte storbyar har det vore nytta som ein del av postsystemet. Bruken har blitt kraftig redusert som følgje av auka bruk av e-post. I Noreg blir det for det meste nytta til interntransport på sjukehus.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018