Hopp til innhold
X
Innhald

Ski

Ski (norrønt skið), avlange, tynne plankar til å gli på snø med.

Funn viser at ski har vore i bruk over store delar av Sibir og Europa i 4000–5000 år, men kvar skia oppstod, kan ein ikkje avgjere. Det eldste funnet er gjort i Sverige og er truleg kring 4500 år gammalt. Det eldste funnet i Noreg er Øvrebøskia frå Vest-Agder, som ein reknar med er rundt 2500 år gamle.

I norrøn litteratur er ski ofte nemnt, og ein kjenner mange gamle skitypar. Mest vanleg i Noreg var langski, som var rundt 3 meter lange, og andoren, som var skinnkledd under og omtrent 1 meter kortare. Langski var til å gli på, medan andoren blei brukt til fråspark. Denne skitypen blei brukt fram til 1700-talet, då ein begynte å utvikle meir moderne skitypar. 

Telemarksskia blei avgjerande for utviklinga fram til våre dagar. I 1930-åra kom laminerte ski, som kombinerte låg vekt med høg styrke. Sidan slutten av 1970-åra har ein brukt kunststoff, eventuelt i kombinasjon med trekjerne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 24.10.2018