Hopp til innhold
X
Innhald

Snøskuter

Snøskuter eller snøscooter, beltemotorsykkel for bruk på vinterføre. 

Snøskuterane blir drivne framover ved hjelp av belte, og ein styrer dei med styreski eller styrehjul. Dei har gjerne ein totaktsmotor på 20–70 hk, men kan trimmast til langt høgare yting. 

Sidan 1978 har dei ikkje vore lovlege i generell privat ferie- og fritidsbruk eller til køyring på offentleg veg, men frå 2016 er det opna for at kommunar kan leggje til rette løypenett for rekreasjonskøyring i utmark. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018