Hopp til innhold
X
Innhald

Sporveg

Sporveg, bybane eller trikk, skjenegåande trafikk på bakkeplan som heilt eller delvis går i bygater. Det finst sporvegar i byar over heile verda.

Opphavleg var det hestar som var trekkrafta i sporvegen. Den første sporvegen i verda opna i New York i 1832, men blei ingen suksess. Neste forsøk skjedde i 1852, deretter i Paris i 1855, i London i 1860, i København i 1862 og i Oslo i 1875.

Elektrisk drift blei teke i bruk i USA i 1884 og, som første by i Norden, i Oslo i 1894. I Noreg nyttar vi ordet trikk om elektriske sporvogner. Det er ei forkorting av electric tramcar. Framveksten av privatbilisme og rutebiltrafikk førte til at fleire trikkelinjer blei lagde ned rundt omkring i verda frå 1930.

Med auka merksemd rundt klimagassutslepp frå transportsektoren har utbygging av skjenegåande kollektivtrafikk igjen blitt aktuelt. I Bergen var det elektrisk sporveg frå 1897 til 1965. I 2010 blei den nye bybana i Bergen opna. Trafikken går delvis i separat trasé og på korte strekningar saman med annan vegtrafikk. 

Først publisert: 12.12.2018
Sist oppdatert: 12.12.2018