Hopp til innhold
X
Innhald

Sykkel

Sykkel, framkomstmiddel med eitt eller fleire hjul som er festa i ei sykkelramme. Ordet er ei kortform av bicykkel (engelsk bicycle, av latin bis, ’to’, og gresk kyklos, ’ring’).

Som oppfinnaren av sykkelen reknar ein ofte tyskaren Carl Drais von Sauerbronn (1785–1851), som i 1817 konstruerte eit apparat med to hjul bak kvarandre til å sparke framover. Eit liknande apparat var likevel konstruert av franskmannen Comte de Sivrac allereie i 1790. Skotten Kirkpatrick Macmillan laga i 1839 ein sykkel med framhjulspedalar. Den første sykkelen med bakhjulsdrift blei konstruert av tyskaren J.F. Trefz i 1869.

I 1870-åra prøvde konstruktørane å auke farten ved å gjere framhjulet veldig stort. Desse eldre syklane blir kalla velocipedar (av latin velox, ’rask’, og pes, ’fot’). Syklar med høgt framhjul hadde lett for å velte, men i 1876 bygde engelskmannen Henry John Lawson ein «safety bicycle» med bakhjulsdrift og to like store hjul, og då Dunlop i 1887 fann opp dei luftfylte gummiringane, hadde sykkelen nådd den endelege forma si.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 24.10.2018