Hopp til innhold
X
Innhald

TIR

TIR (forkorting for Transport Internationaux Routier, ’internasjonal vegtransport’), ein FN-overeinskomst mellom 70 statar, inkludert Kina og heile EU, om godstransport på veg, som gjer at godkjende lastebilar og trailerar med plomberte lasterom kan køyre frå start til målet for transporten utan tollundersøking og utan depositum for toll og avgifter ved grensene til transittland.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018