Hopp til innhold
X
Innhald

Traktor

Traktor (av latin trahere, ’trekkje’), motorkøyretøy som er bygd for å trekkje ein arbeidsreiskap eller tilhengjar.

Traktorar blir brukte i jordbruk, skogbruk og industri. Ein jordbrukstraktor har vanlegvis to store, grovmønstra drivhjul bak og to mindre styrehjul framme. Motoren driv både traktoren og eit hydraulisk system som blir brukt til manøvrering av reiskapar, og eit kraftuttak der ein kan kople til andre maskiner. 

Det finst spesialkonstruerte traktorar til ulike føremål. Traktoren blei konstruert i USA på slutten av 1800-talet og kom til Noreg i 1907.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.10.2018
Sist oppdatert: 24.10.2018