Hopp til innhold
X
Innhald

Trolleybuss

Trolleybuss (av engelsk), skjenelaus, elektrisk driven buss som får straumtilførsel frå ein dobbel leidning som er hengd opp over vegbana. Den første norske trolleybussbana blei opna i Drammen 1909, men ho blei lagd ned i 1967. Det har også vore trolleybussdrift i Oslo og Stavanger. Sidan 1968 har det berre vore trolleybuss i rutetrafikk i Bergen i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018