Hopp til innhold
X
Innhald

Tunnelbane

Tunnelbane, t-bane eller metro er ei underjordisk bane for avvikling av rask lokal- og forstadstrafikk i storbyane.

Den første tunnelbana blei bygd i London 1863 for dampdrift. I dag har tunnelbanene elektrisk drift. Ei ca. 2 kilometer lang underjordisk strekning av Holmenkollbanen blei teken i bruk 1928. Tunnelbanene i dei austre bydelane i Oslo blei innvigde i 1966, med store utvidingar i åra som følgde. I Norden er det også t-bane i Helsingfors, København og Stockholm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018