Hopp til innhold
X
Innhald

Veg

Veg, ei ferdselsåre, oftast nytta om strekningar som er regulerte til trafikk av personar eller køyretøy.

I Noreg er vegar og vegtrafikk regulert i veglova og vegtrafikklova. Veglova av 21. juni 1963 fastset mellom anna at offentlege vegar er vegar eller gater som er opne for allmenn ferdsel, og som blir vedlikehaldne av stat, fylke eller kommune etter reglane i kapittel 4 i lova. Alle andre vegar er private. Offentlege vegar er riksvegar, fylkesvegar og kommunale vegar

Vidare blir vegane delte inn i fire typar: motorvegar, avkøyrselsfrie vegar, avkøyrselsregulerte vegar og tilkomstvegar. Nemninga vegklasse skildrar den tekniske standarden på vegen. Vegklasse I har fire køyrefelt, II har to, og III har eitt med møteplassar. Vegdekket er grus, oljegrus eller fast (asfalt, betong). Vegtrafikklova av 18. juni 1965 gjeld for all trafikk med motorvogn og for annan ferdsel på vegar eller andre område som har trafikk med motorvogn.

Heilt sidan Frostatingslova og Gulatingslova har vegar og veghald vore regulert i Noreg. I Magnus Lagabøtes lov er det gitt detaljerte reglar for ansvar for bygging og vedlikehald av vegnett. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018