Hopp til innhold
X
Innhald

Vegprising

Vegprising er eit avgiftssystem som tek utgangspunkt i dei reelle kostnadene bilistar påfører samfunnet ved å bruke ein gitt veg på eit gitt tidspunkt. Køprising, også kalla rushtidsavgift, er den mest kjende forma for vegprising.

Føremålet er å endre åtferda til folk og dermed få ein optimal bruk av infrastrukturen (til skilnad frå bompengar, som blir kravde inn for å finansiere bygging av nye vegar). Innføring av vegprising i byar vil føre til høge avgifter i rushtida når køane er lange, og små/ingen avgifter om kvelden/natta når kapasiteten er god. Dette vil bidra til å fordele trafikken betre over døgnet. 

I Noreg kan inntekter frå køprising nyttast til å byggje ut det lokale vegnettet, gang- og sykkelvegar og kollektivtrafikk. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 15.08.2019