Hopp til innhold
X
Innhald

Volkswagen

Volkswagen (forkorta VW; av tysk, ’folkevogn’), tysk bilmerke.

Ferdinand Porsche fekk i 1934 i oppdrag av Adolf Hitler å konstruere ein bil som var rimeleg i innkjøp og bruk. Volkswagenwerk AG i Wolfsburg blei grunnlagt i 1938, men det blei produsert få bilar før krigen, og Volkswagen gjekk over til å produsere krigskøyretøy.

Den opphavlege Volkswagen hadde luftkjølt hekkmotor. I alt er det produsert over 20 millionar av denne typen (Ford T blei produsert i vel 15 millionar). Ved dei europeiske VW-fabrikkane blir det no berre produsert framhjulsdrivne personbilar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 06.12.2018
Sist oppdatert: 10.12.2018