Hopp til innhold
X
Innhald

Nasjonal transportplan

Nasjonal transportplan (NTP) er 10–12-årige planar for utbygging og vedlikehald av infrastruktur til land-, luft- og sjøtransport.

Transportetatane Jernbanedirektoratet, Vegvesenet, Kystverket og Avinor legg saman fram eit utkast til plan. Deretter handsamar regjeringa framlegget, før planen til slutt blir vedteken av Stortinget. Det er i Nasjonal transportplan Stortinget vedtek kva samferdselsprosjekt som skal planleggjast og byggjast ut dei komande åra. Planen blir revidert kvart fjerde år.

 

Planen erstatta Norsk veg- og vegtrafikkplan, Norsk jernbaneplan og Norsk luftfartsplan. Intensjonen var å sjå heile transportsystemet i samanheng, og at ein med det i større grad kunne ta overordna omsyn for å redusere utslepp av klimagassar, redusere reisetida for gods- og persontrafikk og auke trafikktryggleiken.

 

Dei overordna økonomiske rammene for transportsektoren blir vedtekne i NTP og følgde opp i dei komande statsbudsjetta.

 

Kjelder

Nettstaden til Nasjonal transportplan, ntp.dep.no: http://www.ntp.dep.no/ [lesedato 6.7.2017]

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017