Hopp til innhold
X
Innhald

Taubane

Taubane, transportinnretning. Ei taubane består av ei rekkje master som ber eit beretau. På dette rullar det eit hjul eller hjulpar, der lasta, behaldaren eller transportvogna er hengd opp. Eitt-tausystemet vil seie at det same tauet både ber og trekkjer vogna, medan totausystemet vil seie at vogna heng i beretauet og blir trekt av eit trekktau.

Persontaubaner kan ha kabinar med plass til opptil 150 personar. Kabinen har då ofte mange turbinhjul som rullar på to eller fleire beretau. Godstaubaner blir brukte til transport av tømmer, malm, kol, kalkstein og liknande. Vognene er ofte slik konstruerte at dei blir lasta og lossa automatisk. Frå Skorovatn førte ei 45 kilometer lang godstaubane kis til Kongsmoen utskipingshamn. Ei av dei lengste godstaubanene i verda førte fram til 1987 malm frå Kristineberg gruve og 96 kilometer vidare til Boliden i Sverige. Bana blir i dag brukt som turistbane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017