Hopp til innhold
X
Innhald

Administrasjon

Administrasjon (frå latin ad, til, og minister, hjelpar)  er nemninga på forvaltning eller styre, til dømes av ei verksemd, ein institusjon, stat og kommunar. 
Administrasjon tyder også embetsverk, stab av personar med forvaltande mynde, til døms siviladministrasjon eller sentraladministrasjon. Administrativ, som vedkjem administrasjonen. Administrator, leiar av ein administrasjon eller ei rettsforhandling. Administrere, leie, styre, forvalte.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012