Hopp til innhold
X
Innhald

Adresse

Adresse kan vere ei opplysning om kvar ein person bur, eller ein verdi i eit datasystem som identifiserer eit register eller liknande, sjå IP-adresse.
Adresse blir òg nytta om hyllest- eller takkeskriv frå fleire personar, og om eit skriv, som regel ein protest eller eit krav, frå folkevalde organ til statsoverhovudet.
Adressat er namnet på mottakaren av brevet. Å adressere er å skrive på adresse. Ei adressemaskin gir postsendingar adresser.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012