Hopp til innhold
X
Innhald

Analfabetisme

Analfabetisme er det same som manglande eller ikkje gode nok lese- og skrivekunnskapar hos menneske over skulepliktig alder.
Tal frå UNESCOs World Education Report syner at det i 2000 fanst 800 millionar vaksne analfabetar. 100 millionar barn i verda var utan skuletilbod. 95 prosent av desse levde i u-landa.
Om lag 42 millionar menneske i i-landa er såkalla funksjonelle analfabetar. Det vil seie personar som ikkje meistrar skriftspråket godt nok til å klare seg i kvardagen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012