Hopp til innhold
X
Innhald

Arverike

Arverike er eit monarki der arveretten til trona er fastlagt etter visse reglar i motsetnad til valrike der monarken blir valt. Arveretten til kongerangen i Noreg er avgjort av paragraf 6 i Grunnlova.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012