Hopp til innhold
X
Innhald

Autokrat

Autokrat (frå gresk autos, sjølv, og kratein, herske) er ein sjølvherskar, eineveldig herskar.
Eit autokrati er eit einevelde. Nemninga blir særleg brukt om samfunnsformer der statsoverhovudet har både lovgivande og utøvande makt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 23.03.2012