Hopp til innhold
Punkskrift. Foto: Melissa, flickr.com CC BY-ND 2.0
Punkskrift. Foto: Melissa, flickr.com CC BY-ND 2.0
X
Innhald

Blindesaka

Punktskrift (blindeskrift) vart funne opp av franskmannen Louis Braille, som sjølv var blind.

Franskmannen Louis Braille (1809–52) som sjølv var blind, laga blindealfabetet, eit system av opphøgde punkt som kan kjennast med fingertuppane. Punktskrift (blindeskrift) har seks punkt. Gjennom å variere plasseringa av punkta blir alle skrift-, tal- og noteteikn uttrykte.

Den første som oppretta ein skule for blinde var franskmannen Valentin Haüy i Paris i 1784.

I Noreg blei Foreningen for Blinde stifta i 1858. Foreininga oppretta den første skulen for blinde her i landet i 1861. I 1896 tok staten over skulen som først fekk namnet Kristiania offentlige skole for blinde, før bynamnet vart endra til Oslo. I 1886 vart blinde barn skulepliktige. Grunnskulelova av 13. juni 1969 og seinare opplæringslova av 17. juli 1998 påbyd spesialundervisning for barn og ungdom som treng særleg hjelp. 

I 1903 vart Foreningen til selvhjelp for Norges blinde stifta. Foreininga gjekk seinare inn i Norges Blindeforbund som vart stifta i 1909.

Peikarar

Norges Blindeforbund

Meir om punktskrift på Norges Blindeforbund sine nettsider

Offentlig utvalg for punktskrift

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.03.2012
Sist oppdatert: 04.01.2019